# Ägodelar från fyra norska krigsfångar i Tyskland söker ägare
Author: Pyttelite

**Me er i Bad Arolsen, midt i Tyskland. Omfanget i det store krigsarkivet vi er på besøk hos slår oss i bakken.**

Rundt oss ruvar hyller og skap med 30 millionar dokument frå andre verdskrig. Her ligg det informasjon om 17,5 millionar menneske som blei forfølgde av nazi-regimet.

Arkivarane står og trippar. Me har fått ei omvising i det enorme arkivrommet, men dei har meir på lur.Vil me ikkje bli med?På eit bakrom står to store arkivskap i metall. 

Avdelingsleiar Anna Meier-Osinski opnar skuff etter skuff fulle av konvoluttar.I kvar konvolutt ligg det små eigendelar; ringar, fyllepennar, lommebøker, briller, fotografi, smykke og lommeur.

https://www.nrk.no/vestland/xl/kan-du-finne-familiane-til-desse-fire-norske-krigsfangane_-1.15268866
